Mads sin kursblogg

Just another WordPress.com weblog

Kommentar til kurset april 8, 2010

Filed under: Uncategorized — langnes @ 1:58 pm

Då var kurset kome til si avsluttingsoppgåve, og eg nyttar høvet til å leggje inn eit kart over Romsdal i dette innlegget. Kartet er korkje henta frå Google Maps eller andre karttenester, men er funne i biletdatabasen til Romsdalsmuseet på www.digitaltmuseum.no Der finn de også 48 000 andre bilete frå fotosamlinga til Romsdalsmuseet!

Kursopplegget var godt, og for min del synast eg kombinasjonen mellom tre kurssamlingar og heimearbeid passar for eit slikt kurs.

Eg har aldri laga ein blogg før, og det var nyttig lærdom eg truleg vil nytte meg av også i framtida. Som så mykje anna ein ikkje har gjort før, viste det seg å ikkje vere noko heksekunst når ein først kasta seg uti det. Biletdeling vil eg også framheve som nyttig lærdom med tanke på museumsarbeidet, og likeeins trur eg nok eg vil nytte meg av moglegheita til å arbeide i «nettskyen».

Takk for interessant kurs!

 

Mashups

Filed under: Kurskommentarar — langnes @ 1:45 pm

Å kombinere ulike to eller fleire ulike kjelder synast vere nyttig i mange tilfelle, der ein særleg kan sjå føre seg at kart høver godt.

Under utforskingsoppgåva fann eg m.a. fram til http://www.histografica.com/, der ei kartteneste er kombinert med ei biletteneste.

For museumssektoren kan ein t.d. sjå føre seg at det kunne vore interessant å lenka opp ei kartreferanse (t.d. Google Maps) til bileta ein la ut i ein database på nettet.

 

Kart

Filed under: Kurskommentarar — langnes @ 1:29 pm

Google Maps har eg nytta før, og tenesta var med det ikkje ny for meg. Eg har tidlegare nytta Gulesider.no for å finne køyreruter, men såg at det det var like enkelt på Google Maps. For den som vil sjå eit satelittbilete over Romsdal, er det berre å trykke her: http://maps.google.no/maps?ie=UTF8&ll=62.748438,7.544861&spn=0.589835,1.755066&t=k&z=9

 

Google Dokumenter

Filed under: Uncategorized — langnes @ 1:15 pm

Å kome seg inn på Google Dokumenter var greitt, då eg hadde googlekonto frå før. Eg er av dei som likar å ha programmet på norsk, så det første eg gjorde var å stille om frå engelsk til norsk.

Som test oppretta eg eit tekstsokument og eit rekneark. Båe desse var lette å forstå, då dei hadde funksjonalitetar ganske lik kva ein er van med frå office-pakka.

Alt i alt må eg seie at dette verkar å vere eit nyttig verkty. Ikkje minst for den som er mykje ute og reiser, då ein kan arbeide med same dokumentet ut frå ei kvar maskin som har nettilgang.

 

Bli med på ein flytur over Åndalsnes! mars 16, 2010

Filed under: Kurskommentarar — langnes @ 12:16 pm

I denne videoen kan de bli med på ein flytur over Åndalsnes under andre verdskrigen.

 

Wiki – Kommentar til økt 8 mars 8, 2010

Filed under: Kurskommentarar — langnes @ 8:53 pm

Wikipedia og andre wiki-tenester har etter kvart vorte godt kjente. For ein historikar er sjølvsagt også lokalhistoriewiki http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Portal:Hovedside ei nyttig kjelde. Ein må sjølvsagt likevel vere klar over at det som ligg på t.d. wikipedia ikkje er kvalitetssikra på same vis som det ein finn i eit tradisjonelt leksikon.

Økta med å lage wiki-innlegg sjølv på «23ting om tull» var grei. Dette gav også øving i å publisere i ein wiki, noko som kan vere aktuelt for ein abm-institusjon. Å leggje inn informasjon på lokalhistoriewiki eller wikipedia, vil både kunne vere informasjon, opplysing og til ein viss grad reklame.

 

Kommentar til «Ting 7»

Filed under: Uncategorized — langnes @ 7:50 pm

Å få eit oversyn over moglegheitene på Delicious var høvesvis greitt, og tipset om å prøve seg med søkeomgrepet «digital museum» var også eit godt tips. Ikkje minst ved at ein på dette viset fekk opp lenker både til norske og utanlandske sider.

Tagging av lenker gav også tips til vidare søk, men eg opplevde at tagginga ofte var svært generell, og at ein difor også ofte ikkje kom vidare til noko svært relevant. Men dette går jo også litt på kva ein søker etter – der t.d. omgrepet «museum» gjev svært mange treff, og at ei innsnevring allereie i det første søket kunne vore nyttig.

 

Facebook og chat – Kommentar

Filed under: Kurskommentarar — langnes @ 7:36 pm

Dette kurset i «Sosiale medier» fører oss stadig over på nye felt, og på dette steget av kurset har det vore Facebook og chating som har stått på programmet.

Eg har tidlegare vore registrert på Facebook med det same tenesta kom til landet, kring vinteren 2007. Men eg meldte meg snøgt av att, ikkje minst i høve at eg hadde, og dels har, nokre personvernmessige kvaler knytt til denne tenesta. I samband med dette kurset aktiverte eg profilen min på Facebook att, og ser at det heile har endra seg noko sidan sist eg var registrert. Ikkje minst har mest «alle» vorte medlemmar på denne nettstaden no, og ein finn alt får gamle skulekameratar til studievener og slektningar.

I høve spørsmålet om Facebook kan vere nyttig for dei ulike abm-institusjonar, så kan ein vel ikkje seie anna enn at det må tenesta kunne vere. M.a. har eg sjølv meldt meg på som «tilhengar» av alt frå HIFO til Aasentunet. Og om desse legg ut ei melding om eit arrangement eller anna storhende, får eg jo melding om det også på «mi side» på Facebook.

Når det gjeld chatting har eg nytta det tidlegare (MSN), og ser at chattetenesta på Facebook fungerar om lag like eins. Dette meiner eg er ein grei teneste som også er nyttig. Eg har kjente som arbeider i andre abm-institusjonar og liknande, og for små spørsmål kan chatting vere eit greitt alternativ til epost eller telefon. Kor godt dette gungerar vil avhenge både av ein sjølv og den/dei ein kontaktar. Men i og med at dette i utgangspunktet er personar ein kjenner, vil ein allereie på førehand vite om ein telefon, ein epost eller ei chatte-melding vil vere det beste.

 

You Tube – Kommentar til «Ting 5»

Filed under: Kurskommentarar — langnes @ 7:15 pm

You Tube kjente eg litt til frå før, men utan at eg har nytta tenesta så mykje. Søkemoglegheitene er greie, sjølv om eg har ei kjensle av at det er lettare å få treff om ein søkjer etter «fjas» eller etter seriøst innhald.

Under arbeidet med denne delen av kurset, kom eg på at eg ein gong hadde sett ein videosnutt på You Tube som både var artig, men som også hadde ein interessant vri på dette med både eldre medier og vår nye og digitale kvardag. Etter nokre søk (måtte tenke meg om i høve kven det var som var skodespelarar i videoen, og nytta deira etternamn som søkeord), fann eg videoen. Ta dykk tid til å sjå denne snutten – den tek berre knappe tre minutt!

 

Podkast – kommentar til «Ting 4»

Filed under: Uncategorized — langnes @ 7:01 pm

Då var det podkasting som skulle utforskast. Eg valte å sjå på programmet Museum på NRK P2, og har lagt det til i RSS-lesaren min (Google). Med det så vil eg få opp melding om nye program som blir lagt ut som lydfiler, og det er jo ikkje å kome vekk frå at eitt og anna «Museum» er verdt å lytte til. Har elles orientert meg og funne ut at også mange andre program på NRK er å finne som podkast, men utan at eg førebels har lagt dei til i RSS-lesaren.